Merk! Innholdet i denne siden er under utvikling.

Tilbake

Tverrfagleg samhandling

Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing for kvarandre sine oppgåver. Tenestene blir betre på å koordinera innsats og ansvar, slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande. Kommunen har ei samordningsplikt og ei samarbeidsplikt på si tenesteyting, det krev ar ein på tenestenivå har rutinar for samhandling.

Tverrfagleg samhandling i oppvekst/til barn unge

Mellom dei ulike einingane i Stord kommune

Det er viktig at einingane vert kjende med kvarandre sine mandat og rammer. Gjennom kunnskap om kva ansvarsområder og rammer ei eining har kan ein klargjera oppgåvefordelinga, eller tydeleggjer dei evt overlappande sonane som er mellom lovverka.

Einingane må legga til rette for eit systematisk arbeid gjennom eit årshjul på samarbeidsmøter mellom einingar.

Tverfagleg samhandling - innan i eininga

Fleire einingar arbeider med ulike mandat innanfor sine avdelingar.

Det er viktig at einingane skildrar strukturane og mandata sine for å ha oversikt over innsatsen i eininga.

Kvar eining må naudsynt kunnskap om innsatsen i eininga

  • Mandat
  • Rutinar og struktur for avdelingane
  • Kva innsats i form av metodikk og målgrupper
  • Og evt fokusområder