Brukarmedverknad er ein lovfesta rett som har som mål å betra kvaliteten på tenestene ved at brukarane får reell moglegheit til å påverke val og utforming av tenestetilbodet. Det inneber at tilbodet så langt som råd vert utforma i samarbeid med brukarane, og at det vert lagt stor vekt på brukarane sine ønsker.
Stord kommune har ulike politiske råd og utval som skal ivareta ulike målgrupper sine interesser. Dei ulike råda er ungdomsrådet, eldrerådet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne, kontaktutval for innvandrarar og flyktningar, idrettsrådet og musikkrådet. I tillegg til desse råda/utvalet har kommunen eigen barnerepresentant. Les meir om råda/utvala her Kommunestyret, råd og utval – Stord kommune
Stord kommune har gjennomført Ungdataundersøkingar i 2015, 2019 og 2021. Kartlegginga er ein viktig medverknadsarena for barn og unge. Les meir om undersøkingane her Hjemmeside – Ungdata