Merk! Innholdet i denne siden er under utvikling.

Tilbake

Brukermedverknad

Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som en likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld hans eller hennar utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon og at alle partar er opne og lyttar til kvarandre.

Når brukaren treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon få, men viktige element å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal kunne komme fram til den beste hjelpe og støtten ein brukar treng.

  • å bli teken på alvor
  • å bli behandla med respekt
  • å føle tillit og tryggleik
  • å få hjelp når behovet er der

I tillegg har brukarmedverknad ein eigenverdi i at mennesker som søkjer hjelp, på linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eiget liv, motta hjelp på eigne premissar og bli sett og respektert i kraft av sin grunnleggjande verdigheit.

Viss brukaren kan påverke omgjevnadene gjennom eigne val og ressursar, vil det kunne påvirke sjølvbildet på en positiv måte og dermed styrke brukaren sin motivasjon. Dette vil kunne bidra positivt til brukarens betringsprosess, og såleis ha ein terapeutisk effekt. I motsatt fall kan den hjelpelausheiten mange brukrar opplever bli forsterka.

På individnivå har ein brukarmedverknad på følgjande måte:

  • Utviklingssamtale
  • Medarbeidersamtale
  • Foreldresamtale i barnehage
  • Stafettloggmøte
  • Avviksmelding i Compilo
  • Tilbakemeldingsknapp handlingsrettleiar

Fitjar kommune visar til pas.-og brukarrettighetslova § 4 i høve samtykkekompetanse:

  • Barn mellom 12 – 16 år – barnet og ungdommen sine meiningar skal vektleggast. Barnet / ungdommen kan fremje ynskje om at informasjon om visse forhold ikkje blir gitt til føresette. Helsepersonell må gjere ein vurdering i kvart enkelt tilfelle.
  • Ungdommar mellom 16 – 18 år – ungdommen har rett til å samtykke sjølve.

Ein sikrar brukarmedverknad med:

  • Fast kontaktperson som føl barnet
  • Barneansvarleg for Barn som pårørande
  • Koordinerande eining

Desse tiltaka sikrar systematisk evalueringsarbeid og kontinuitet i oppfølginga av barn og unge, og deira familiar.