Betre tverrfagleg innsats (BTI)

For å sikra den einskilde sin rett til hjelp, nyttar Stord kommune ein samhandlingsmodell kalla Betre Tverrfagleg Innsats (BTI). Samhandlingsmodellen skildrar den samanhengande innsatsen i og mellom tenestene retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt uro til. Arbeidsmetoden sørger for at det vert sett inn hjelp så tidleg som mogeleg gjennom ein handlingsrettleiar med ulike nivå for den innsatsen uroa for barnet, den unge eller familien krev. Dei ulike hjelpetiltaka vert samordna og foreldre vert aktivt involverte i heile prosessen gjennom eigen innsats og medverknad. I kommunikasjonen mellom dei kommunale tenestene/hjelpeinstansane og familien vert det nytta ein digital samhandlingsplattform. Dette systemet sikrar kontinuitet og alle involverte partar kan sjå kva som vert gjort i saka og kven som til ei kvar tid har ansvaret for oppfølginga. 

Meldeplikt til barneverntenesta

Alle offentlege tilsette, dei som utfører oppgåver for det offentlege og yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt har alle meldeplikt til barnevernet, jf. barnevernlova § 13-2. Meldeplikta etter barnevernlova inneber eit personleg ansvar for å melde, og går føre lovfesta teieplikt.

Du har plikt til å melde frå til barnevernet, utan ugrunna opphald;

  • når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller utsett for annan alvorleg omsorgssvikt
  • når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling
  • når det er grunn til å tru at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet sitt for behandling eller opplæring
  • når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar ved å gjere seg skuldig i alvorlege eller gjentekne lovbrot, ved problematisk bruk av rusmiddel, eller ved å ha vist anna form for utprega normlaus åtferd
  • når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel

Privatpersonar har eit moralsk ansvar for å melde frå, men ikkje eit juridisk ansvar, slik offentleg tilsette har.